Fillerya
- 12. okt. 2012
- 2 min lesing
Det er helg, og jeg har fått denne nydelige teksten fra Forfatterfrue Karen, en ung spennende blogger jeg har hatt gleden av å følge ei stund, og som jeg blir glad av å besøke. Navnet spiller på samlivet hennes med forfatteren Tiger Garté, men slik jeg ser det, bor det i det huset to forfattere under samme tak. Gi deg selv ei fristund mens du nyter teksten og samtidig lar tankene dvele ved hvilke gjenstander som er viktige i ditt liv :-) -------------- Kvit tapet med raude, små måser på. Kvite gardiner med raude hjarte. Og på golvet den rosa og kvite fillerya, med små spettar av knallraudt innimellom. Eg kan ikkje hugse anna enn sol inn frå det glaset. Det kvite stoffet slapp lyset lett igjennom, sola stekte heile dagen. Rommet mitt var støtt varmt. Eg ser solflekkane smyge seg mellom dei grove stofftrådane i fillerya. Den har Besta vevd til meg. Det er inga fillerye eigentleg, ingenting er fillete med ho. Ho er finare enn det tjukke, flossete golvteppet som ligg i stova mi no. Det kosta mange tusen. Den vesle rya, som fortsatt ligg framfor senga mi. Sjølv om barnerommet etter kvart vart skifta ut med eit tenåringsrom, eit rom som sidan vart gjesterom kor odelsjenta bur i sumarferiar og i jula. På rommet heng òg det vakre åkleet som bestemor vov til meg seinare. Det òg i rosatonar. Men eg veit det – hadde eg måtte velgje – så er det det vesle samanvevde tystykkjet framfor senga eg hadde redda om det brann. Tyet, henta frå gamle sengetrekk, sletne gardiner og fråvokste kle, varsamt reve sund av Bestas breie arbeidshender. Knytt saman, tredd inn i vevtrådane, trukke fram og attende av skyttelen, banka saman av trebommen. Sikkert ikkje mange timane med arbeid, men eit arbeid ho gjorde berre for meg. For det vesle bornebornet sitt, det første bornet til garden. Kvitt, rosa og raudt. Historia mi ligg i den fillerya.






Kommentarer